Knud Leem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knud Leem (1696—1775) var ein norsk prest og språkforskar. Knud Leem innleiier det vitskaplege studet av samisk, med ein grammatikk frå 1748, og to ordbøker, frå 1756 og 1768.
Leem var også leiar for Seminarium Lapponicum ein periode, og han arbeidde i lag med Anders Porsanger.
Grammatikken vitnar om ein innsikt i samisk som ikkje står attende for mange andre grammatikkar i samtida. Leem har ei stammeklasseinndeling som er ganske lik den vi opererer med i dag. Han kommenterer også stadievekslinga, men meir som ein tendens enn som ein regel.
Leem bygde på språket i Porsanger, dvs. ein austleg dialekt av nordsamisk. Ordbøkene hans inneheld ordmateriale som framleis er interessant for språkforskinga. Konrad Nielsen si ordbok har hovudvekta på dialektane i Polmak, Karasjok og Kautokeino, og Leem representerer altså ein annan dialekt.
[endre] Sjå også
[endre] Bibliografi (utval)
- Leem, Knud 1748: En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden : samt et Register over de udi samme Grammatica anførte Observationers Indhold, hvorhos er føyet et Blad af den berømmelige Historie-Skriveres Hr. Baron Ludvig Holbergs Kirke-Historie oversat i det Lappiske Tungemaal med en Analyse over hvert Ord. Kiøbenhavn : Gottman Friderich Kisel.
- Leem, Knud 1756: En Lappesk Nomenclator efter Den Dialect, som bruges af Fjeld-Lapperne i Porsanger-Fjorden. Tronhiem : Trøkt hos Jens Christensen Winding.
- Leem, Knud 1760: Om Lappernes Afgudiske Ofringer [182] s. ; 20 cm.
- Leem, Knud, Jessen-S., Erich Johan Gunnerus, Johan Ernst 1767: Knud Leems Beskrivelse over Finmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse, oplyst ved mange Kaabberstykker = Canuti Leemii De Lapponibus Finmarchiae, eorumqve lingva, vita et religione pristina commentatio, multis tabulis aeneis illustrata / med J.E. Gunneri Anmærkninger. Og E.J. Jessen-S Afhandling om de norske Finners og Lappers hedenske Religion. Kiøbenhavn : Trykt udi det Kongel. Wæysenhuses Bogtrykkerie af G.G. Salikath.
- Leem, Knud 1768: Lapponico - Danico - Latina. Pars 1. [13], 1610 s.