Konrad Nielsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad Nielsen (1875–1953) var ein norsk språkforskar, professor i finsk-ugrisk språkforsking. Han tok embedseksamen i teologi i 1896, men studerte også samisk i løpet av studietida. Seinare studerte han samisk i Tromsø og Helsingfors.
Innhaldsliste |
[endre] Forsking
I Helsingfors studerte Nielsen fennougristikk under E.N.Setälä, og han skreiv avhandlinga si i 1911 om kvantitet i Polmak-samisk. I prøveforelesinga til disputasen argumenterte han mot den historiske innfallsvinkelen til fennougristikken, og for ei prioritering av utforskinga av det levande språket.
Dette kravet gjennomførte han med å skrive og gje ut storverket Lappisk ordbok 1932-1938, ordboka som den dag i dag er grunnlaget for all nordsamisk leksikografi. Ordboka vart gjeve ut i samarbeid med Hans Henriksen frå Tana, og redigert av Nielsen og Asbjørn Nesheim. Ordboka dekkjer dialektane i Polmak, Karasjok og Kautokeino. Det fjerde bandet av ordboka er ei systematisk oppstilling av det samiske ordforrådet etter semantiske kriteria, og dermed også ei presis skildring av den samiske kulturen, slik han kjem til uttrykk i språket.
[endre] Nielsen-ortografien
Den første ordboka si (Lappisches Wörterbuch nach den Dialekten von Polmak, Karasjok und Kautokeino. Heft I), frå 1913, gav Nielsen ut med det finsk-ugriske fonetiske alfabetet, etter mønster av dei andre ordbøkene i same serie (Lexica Societatis Fenno-Ugricae). Nielsen fullførte ikkje dette ordboksprosjektet, i staden starta han på nytt, med nytt språk (omsett til norsk og engelsk heller enn til tysk), og med ein ny ortografi, den såkalla Nielsen-ortografien.
[endre] Bibliografi
- Die quantitätsverhältnisse im Polmaklappischen. Mémoires de la Socité Finno-ougrienne XX. Helsingfors 1902. XV + 312 s.
- Lappisk ordbok Lapp dictionary (1932-1938) (med Asbjørn Nesheim)
- Lærebok i lappisk (1926-1929)
- Lappalaisia murteita tutkimassa. Matkakertomus Suomen ja Norkjan Lapista (1904)
- Sproglige Bidrag til Belysning av Renskjøtselens Ælde hos Lapperne (1910)
- Die Wissenschaftlige Bedeutung des Lappischen (1913)
- Til undersøkelsen av lappiske stedsnavn (1920)
- Spørsmaalet om den lappiske torvgammes oprindelse (1906)
- Vårt polarfolk (1930)
[endre] sjå også
- Nordsamisk ortografi, for ei tekstprøve av Nielsen-ortografien, samanlikna med andre ortografiar
- Samisk språkforsking i Noreg, for ei vurdering av Nielsen sitt arbeid i ein vidare kontekst.