Knop
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein knop er i utgangspunktet ein knute på eit tau, men er mest brukt som mål for hastigheita på båtar og luftfartøy. Ein knop er lik ei hastigheit på ei nautisk mil (1852 m) per time.
Den historiske årsaka til namnet er at ein tidlegare brukte ei line med knopar til å måle fart. Lina vart lagt ut i den farta fartyet bevegde seg med, og knopar på lina vart talde i eit halvt minutt (30 s). Avstanden mellom to knopar på lina måtte vere 15,43 m, fordi det er 120 halvminutt i ein time, og 1852 m / 120 = 15,43 m.