Nautisk mil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nautisk mil (tidlegare også kalla kvartmil) er ei måleeining for lengde som blir brukt i sjø og luftfart. Ei nautisk mil er 1852 meter, som er gjennomsnittleg lengde på eit breiddeminutt.
Ei nautisk mil vart opprinneleg definert som omkrinsen til Jorda ved polane (40 000 kilometer) delt på 360 grader og deretter på 60 (minutt).
Uttrykket kvartmil har samanheng med den eldre måleeininga sjømil eller geografisk mil, som er på 7 408 meter (fire nautiske mil).