Justis- og politidepartementet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Justis- og politidepartementet, i daglegtale Justisdepartementet, styrer justisvesenet i Noreg med ansvar for politi og påtalemakt. Departementet har som hovudmål å sikra tryggleiken til samfunnet og enkeltmennesket, og at rettstryggleiken for kvar enkelt blir oppretthalden.
Justisdepartementet blei oppretta 17. november 1818 då 2. departement for justisvesenet og 3. departement for politisaker blei slått saman. I 1940 blei departement delt i to av NS-regjeringa til Justisdepartementet og det utvida Politidepartementet.
[endre] Justisdepartementet i dag
Departementet har desse avdelingane:
- Plan- og administrasjonsavdelinga
- Politiavdelinga
- Sivilavdelinga
- Lovavdelinga
- Kriminalomsorgsavdelinga
- Rednings- og beredskapsavdelinga
- Polaravdelinga
i tillegg til ei informasjonseining og analysestab. Rundt 270 er tilsette i departementet (2005).