Juletre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit juletre er eit tre ein pynter med til jul i mange land. Det blir pynta med juletrepynt til julefeiringa. Mange legg julegåver under treet og går rundt det og syng julesongar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Skikken med juletre er henta frå Sveits og det katolske Sør-Tyskland, der bruk av juletre kan førast attende til 1400-talet. I Noreg skal det fyrste juletreet ha vore brukt i Christiania (Oslo) i 1822. Fyrst frå kring 1900 vart skikken med juletre meir ålmenn. I dag har over 90% av norske husstandar tradisjonen med å pynta eit tre i heimen til jul.
I byrjinga var det mange kristne som mislikte juletreet, sidan dei tykte at det var avgudsdyrking. Skikken med å gå i ring rundt juletreet og syngje julesongar, vart sett på med enno meir skepsis, og samanlikna med dansen rundt gullkalven.
[endre] Tretypar
Som juletre bruker ein oftast gran eller furu, men edelgran og brake (einer) vert òg brukt.
Nordmenn kjøper rundt 2 millionar juletre kvart år. 20% – 25% av desse (i 2003 drygt 430 000 grantre) er importerte frå Danmark. I tillegg hogger svært mange tre i eigen skog, eller får frå naboar eller vener som har skog.
I vår tid kjøper mange (300 000 nordmenn i 2004, mot 100 000 i 1998) juletre av plast — oftast anten for å kunna bruke same treet i fleire år eller for å unngå allergiar. I nokre skoglause grender på Vestlandet var det vanleg tidleg på 1900-talet å ha ei tjukkvore skaft med mange hol i. Dette skaftet, som stod på ein fast juletrefot, sette ein så opp og laga «tre» av ved å stikke einegreiner i hola.
[endre] Utandørstre
Det er òg vanleg å pynta eit stort grantre utandørs med elektriske juletrelys, ofte på ein sentral plass i bygda eller byen. Eit slikt utandørs juletre vert ofte kalla ei julegran. Oslo kommune har sidan 1945 hatt som årleg tradisjon å senda ei julegran som gåve til England. Denne er ein takk for hjelpa under andre verdskrigen, og ho vert alltid sett opp på Trafalgar Square i London. Hordaland fylkeskommune sender kvart år ei stor julegran til Edinburgh i Skottland.
[endre] Samband med andre skikkar
Juletre blir særleg brukt i samband med kristen og verdsleg julefeiring, men kan òg bli brukt av enkelte i samband med den jødiske lysfesten hanukká.
Skikken med å kle heimen med tre og kvistar er gamal og tente til å verna heimen mot alle slags vonde makter og vesen. Framleis tek mange inn ris av selje til påskefeiringa og dekorerer med lauv ved sommarbryllaup og andre festar.
[endre] Anna
- Juletre er òg namnet på eit nynorsk julehefte gjeve ut av Norsk Barneblad
[endre] Bakgrunnsstoff
- Juletreets historie - frå julenissen.no
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2004.