Jon Michelet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Michelet (fødd 14. juli 1944 i Moss) er ein norsk forfattar. Han er utdanna overstyrmann og har i tillegg studert ved Journalisthøgskulen i Oslo. Michelet har arbeidd som sjømann, bryggearbeidar, journalist og forlagsredaktør. I tida 1997-2002 var han redaktør for avisa Klassekampen. Han har vore medlem av fylkestinget for Østfold fylke og Kringkastingsrådet, styremedlem i Norsk Styrmandsforening og Raud Valallianse. Frå 2003 har han vore president i Rivertonklubben.
I 2003 vart Michelet av Innsynsutvalet tilkjend erstatning for ulovleg overvaking. Etter nedgraderinga av Overvakingspolitiet sine arkiv vart det prova at han i i lengre tid på 1970-talet var utsett for massiv overvaking, irekna telefonavlytting og brevopning. I fylgje dokumenta skal Overvakingspolitiet ha rekna han som ein av toppleiarane i AKP (ml).
Michelet debuterte litterært i 1975 med kriminalromanen Den drukner ei som henges skal. Han har gjeve ut romanar, barnebøker, skodespel og sakprosa. Seria med bøker frå fotball-VM saman med Dag Solstad er vorte ein sportslitterær institusjon. Boka Orions Belte vart filma i 1985, regi Ola Solum. Fleire av Michelet sine kriminalromanar med Wilhelm Thygesen i hovudrolla er dramatisert for NRK fjernsyn.
[endre] Bibliografi
- Den drukner ei som henges skal - kriminalroman (1975)
- Mellom barken og veden - kriminalroman (1975)
- Jernkorset - kriminalroman (1976)
- Jernkorset - kapitlet som ble vekk - utdrag (1976) (saman med Tron Øgrim)
- Orions belte - kriminalroman (1977)
- Angrepet på Longeyarbyen - roman (1978)
- 7800 demonstranter sporløst forsvunnet - og andre merkverdige historier fra 1970-åra - sakprosa [1975]])
- Matros Tore Solem og hans skip - skodespel (1979) (sammen med Gunnar Bull Gundersen)
- Tiger Bay - roman (1979)
- Hvit som snø - kriminalroman (1980)
- Den gule djevelens by - kriminalroman (1981)
- Terra Ro*a - roman (1982)
- VM i fotball 1982 - sakprosa (1982) (saman med Dag Solstad)
- Jerv (jervere, jervest?) - roman (1983)
- Panamaskipet - kriminalroman (1984)
- Mannen på motorsykkelen - kriminalroman (1985)
- Min afrikanske eksplosjon - barnebok (1986)
- VM i fotball 1986 - sakprosa (1986) (saman med Dag Solstad)
- Brevet til Fløgstad - sakprosa (1987)
- Den flyvende brasilianer 1 - roman (1987)
- Den flyvende brasilianer 2 - roman (1988)
- Le Coconut- roman (1988)
- Thygesens terrorist - kriminalroman (1989)
- VM i fotball 1990 - sakprosa (1990) (saman med Dag Solstad)
- Farvel til en prins - roman (1993)
- VM i fotball 1994 - sakprosa (1994) (saman med Dag Solstad)
- Leve republikken - sakprosa (1995)
- VM i fotball 1998 - sakprosa (1998) (saman med Dag Solstad)
- Den frosne kvinnen - kriminalroman (2001)
- Aftensang i Alma Ata - kriminalroman (2003)
[endre] Prisar
- Rivertonprisen 1981, for Hvit som snø
- Språklig samlings litteraturpris 1991
- Rivertonprisen 2001, for Den frosne kvinnen