Tron Øgrim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tron Øgrim (f. 27. juni 1947) er ein norsk journalist og politikar (AKP, RV). Han var aktiv i Sosialistisk ungdomsforbund (SUF, seinare SUF (m-l) og Raud Ungdom), frå 1965 til 1973, og sentral i leinga av Arbeidernes Kommunistparti (AKP) frå 1973 til 1984. Øgrim er ikkje lenger medlem av AKP, men er framleis med i Raud Valallianse (RV).
Tron Øgrim har gjennom ei årrekkje vore ein aktiv samfunnsdebattant og dessutan engasjert seg i kultur-, teknologi- og språkspørsmål. Han har m.a. vore radiokåsør, føredragshaldar og forfattar. I 2005 blei han intervjua i TV-programmet Typisk norsk om «arbeidarsosiolektar» og politisk sjargong.
[endre] Bibliografi
- Marxismen – vitenskap eller åpenbaringsreligion? (1979)
- Den vestlige maoismens sammenbrudd og krisa i AKP (m-l) (1982)
- Tyskeren mot Stretermish (1985), roman under pseudonymet Eirik Austey
- Hilsen til en generasjon av kvikksølv! Løgnaktige spådommer om datarevolusjonen, verden, Norge og deg (1997)
- Tron Øgrim treffer 10 sportsgærninger (1998)
[endre] Talar
- Proletariatets demokratiske diktatur (1970)
- Monopolkapitalens diktatur eller folkets diktatur (1972)
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |