Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Thorbjørnsen, fødd 19. august 1983 i Bergen, er ein norsk fotballspelar. Han spelar for Brann der han er målvakt. Han har i yngre år spelt for Nymark og Årstad, og var utlånt til Hovding i 2003.
Thorbjørnsen debuterte i eliteserien i 1. serierunde i 2005-sesongen for ein skada førstemålvakt Håkon Opdal. Han har ved utgangen av 2006-sesongen spelt 3 eliteseriekampar for Brann.
I 2002 blei han noregsmeister for juniorar då Brann vann 3-2 mot Bodø/Glimt i finalen på Aspmyra stadion. Han satt på benken då Brann vann cupen i 2004, men fordi han ikkje hadde vore innpå i nokon av kampane fekk han ikkje kongepokalen. Han har vore Brann sitt andreval i mål sidan sommaren same år, då Ivar Rønningen blei seld til Rosenborg.
[endre] Karriere som spelar
(Sist oppdatert 29. oktober 2006)
Klubb |
Kampar |
Mål |
Periode |
Brann |
11 |
0 |
2005- |
Spelarprofil på skbrann.org
Brann – spelarstallen 2006 |