Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ármann Smári Björnsson, fødd 1. juli 1981 i Hornafjörður, er ein islandsk fotballspelar, som for tida spelar for den norske eliteserieklubben Brann.
I 2002 var han på utlån i tre månader til Brann, den gongen som spiss. Den gongen spelte han ni kampar og scora tre mål for Brann. Då var han midtstoppar for Valur og spiss for det islandske U21-landslaget.
No er Ármann Björnsson midtstoppar, og i 2006 fekk han sin debut på det islandske landslaget etter ein knallsesong for den islandske klubben FH (Hafnarfjörður).
Ármann Björnsson signerte ein avtale i 2006 som knyter han til Brann ut 2009-sesongen.
[endre] Karriere som spelar
(Sist oppdatert 3. oktober 2006)
Klubb |
Kampar |
Mål |
Periode |
Valur |
|
|
|
Brann |
9 |
3 |
2002-2002 (utlån) |
FH (Hafnarfjörður) |
|
|
2002-2006 |
Brann |
1 |
0 |
2006- |
Spelarprofil på skbrann.org
Brann – spelarstallen 2006 |