Jod
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | |||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Jod, I, 53 | ||||||||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Halogen | ||||||||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 17, 5, p | ||||||||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 4940 kg/m3, (?) (ikkje SI) | ||||||||||||||||||||||||
Utsjånad | Glinsande grålilla |
||||||||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | |||||||||||||||||||||||||
Atommasse | 126,90447 u (ikkje SI) | ||||||||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 140 (115) pm | ||||||||||||||||||||||||
Kovalent radius | 133 pm | ||||||||||||||||||||||||
Ioneradius | 220 pm (ladning: −1) | ||||||||||||||||||||||||
van der Waals radius | 198 pm | ||||||||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Kr]4d105s25p5 | ||||||||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 18, 7 | ||||||||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | −1, +1, +5, +7 (sterk syre) |
||||||||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Ortorombisk | ||||||||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | ||||||||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 386,85 K (113,7°C) | ||||||||||||||||||||||||
Kokepunkt | 457,4 K (184,25°C) | ||||||||||||||||||||||||
Molart volum | 25,72 cm3/mol | ||||||||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 20,752 kJ/mol | ||||||||||||||||||||||||
Smeltevarme | 7,824 kJ/mol | ||||||||||||||||||||||||
Damptrykk | (?) Pa ved K | ||||||||||||||||||||||||
Ljodfart | (?) m/s ved °C | ||||||||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | |||||||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 2,66 (Paulings skala) | ||||||||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 220 J/(kg·K) | ||||||||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 10-13 MS/m | ||||||||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 0,449 W/(m·K) | ||||||||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 1015 kJ/mol 1852 kJ/mol 3200 kJ/mol |
||||||||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | |||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka |
Jod (gr. iodes, lilla) er eit grunnstoff med kjemisk symbol I og atomnummer 53. Det høyrer til halogena og er det mest elektropositive og minst reaktive av desse. Jod blir særleg brukt i medisin, fargestoff og fotografisk verksemd.
Innhaldsliste |
[endre] Særlege kjenneteikn
Ved standard temperatur og trykk er jod eit blåsvart eller grålilla, glinsande fast stoff som sublimerer til ein blålilla gass med irriterande lukt. Jod er nær uløyseleg i vatn, men løyser seg lett i alkohol (som jodtinktur), petroleum (som jodbensin), kloroform (CHCl3), karbontetraklorid (CCl4) og karbondisulfid (CS2), og dannar då lilla løysingar. Jod dannar sambindingar med mange andre grunnstoff, men er mindre reaktivt enn dei andre halogena og har somme metall-liknande eigenskapar. Den djupblå fargen som jod danner med løysingar av stivelse er karakteristisk for fritt jod, men ikkje ionet jodid.
[endre] Bruk
Jod vert brukt medisinsk.
Sølvjodid vert nytta i fotografering.
[endre] Historie
Jod vart oppdaga av Bernard Courtois i 1811.
[endre] Biologisk rolle
Jod er eit viktig sporstoff for levande organismar, i form av ionet jodid (I−).
[endre] Framstilling
Reint jod kan framstillast ved reaksjon mellom eit jodidsalt, t.d. kaliumjodid (KI), og utvalde oksidasjonsmiddel, t.d. kopar(II)-sulfat. Det er også fleire andre metodar for reinframstilling av jod.
[endre] Isotopar
Det finst tretti ulike isotopar av jod, men berre 127-I er stabil. Den kunstig framstilte radioaktive I-131, ein betakilde kjend som «radiojod», har ei halveringstid på 8 dagar og blir brukt i behandling av kreft og andre sjukdomstilstandar i tyroid-kjertlane.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |