Jens Christian Hauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Christian Hauge (15. mai 1915–30. oktober 2006) var ein norsk jurist og politikar. Han er mest kjend som heimefrontmann, politikar for Arbeidarpartiet, og for å ha hatt ymse verv i tilknytting til industri. Jens Christian Hauge er ofte omtalt som "Jens Chr. Hauge". I tillegg opererte han med ymse dekknamn i si tid som leiar for Milorg. Milorg var ein del av hemestyrkane i Noreg under andre verdskrig.
Hauge vart fødd i tidlegare Aker kommune. Kommunen vart seinare ein del av Oslo. Hauge vart utdanna jurist i 1937. Han vart domarfullmektig i 1938, og var prispolitifullmektig frå 1940 til 1941. I 1942 vart han distriktsinspektør for Milorg på Austlandet. Deretter avanserte han til å verta den øvste leiaren for Milorg i tida frå 1943 til 1945. Han var Milorg sin representant i leiinga for heimefronten frå hausten 1944. Etter krigen var han sekretær for statsminister Einar Gerhardsen frå juni 1945. Han var forsvarsminister i Einar Gerhardsen si andre regjering frå 5. november 1945 til 6. januar 1952. Frå 1954 var han høgsterettsadvokat. Han var justisminister i Einar Gerhardsens si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 1. november 1955. Som forsvarsminister var Hauge sentral som pådrivar for at Noreg skulle verta med i NATO. Han var òg sentral i oppbygginga av forsvarsindustri og i opprettinga av Forsvarets forskningsinstitutt hausten 1945. Han var òg sentral i høve til Institutt for Atomenergi, oppretta i 1948.
Som advokat hadde Hauge ymse styreverv. Av verv kan nemnast styreverv i Raufoss Ammunisjonsfabrikker, Kongsberg Våpenfabrikk, Marinens Hovedverft, Tandbergs Radiofabrikk, Det Norske Luftfartselskap, SAS, Statoil, Norges Hjemmefrontmuseum og Nathionaltheatret. Hauge var Nordliregjeringa sin hovudforhandlar med AB Volvo om eit svensk-norsk AB Volvo i 1978. Hauge har vorte valdgiftsdomar ved International Center for Settlement of International Disputes frå 1975.
[endre] Litteratur
- Norsk Krigsleksikon: Hauge, Jens Christian Nettversjon
- Alf Ole Ask og Bjørn Westlie : Maktens ansikt: et portrett av Jens Chr. Hauge, Oslo 1991. ISBN 82-10-03453-7