Jagarfly
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit jagarfly er eit kampfly laga primært for å avskjera eller nedkjempe andre fly. Jagarfly er som regel små, hurtige og lettmanøvrerte.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] den fyrste verdskrigen
I byrjinga av den fyrste verdskrigen, var flyets eigenskapar i strid lite utforska. Fly vart difor mest brukt til spionasje. Dei første fiendtlege møta vart utkjempa - med å vinke til kvarandre.
Somme oppfinsame pilotar tok etterkvart med seg handgranatar eller jaktgæver, men då ein etterkvart innsåg potensialet i flyspionasje, og behovet for å hindra ei slik fiendtleg aktivitet, fekk flya etterkvart montert eit maskingævær, som regel betjent frå baksetet. Lade- og siktesystemet var for tungvint å fomle med for den som i tillegg skulle manøvrere flyet.
Ei anna utfordring var å gje maskineld igjennom propellen, utan at bladene fekk skade av det. Løysinga til den berømde franske flygaren Roland Garros var å utstyre propellen med beskyttande mettallplater der elden kunne råke. Seinare utvikla den hollandske flyingeniøren Anthony Fokker det fyrste jagarfly der elden frå maskingæveret var synkronisert med propellen.
[endre] den andre verdskrigen
Under andre verdenskrig vart det utvikla ei rekkje spesialiserte jagarfly, som nattjagarar og eskortejagarar. I dag finns i hovudsak to typar jagarfly; ein mindre type som er vanlig i de fleste flyvåpen, og en større type, som krev lengre operasjonsradius og større drivstofflast.
[endre] Jetdrevne Jagarfly
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |