Iona
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iona er ei øy i dei Indre Hebridane utanfor Skottland. Det gæliske namnet på øya er I Chaluim Cille, Sankt Columbas øy. Øya er lita, 3,5 miles lang og 1 mile vid, og har rundt 175 innbyggjarar. Kongane av Dalriada og seinare dei første skotske kongane er gravlagde her.
Iona er mest kjend for mellomalderklosteret sitt, som blei grunnlagd av Sankt Columba i 563. Dette og det seinare Lindisfarneklosteret skulle bli særs viktige for landet, for det var herfrå kristendommen spreidde seg til resten av Skottland.
Det var truleg her ein tok til å laga den vakre og vidkjende «Book of Kells». Etter stadige åtak frå vikingar flytta dei fleste munkane frå øya, og tok boka med seg til Kells, der dei grunnla eit nytt kloster.
Eit mindretal blei likevel igjen på Iona, og klosteret var i drift fram til reformasjonen.