Gudbrandsdølen Dagningen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrandsdølen Dagningen (GD) er ei avis som blir utgjeven på Lillehammer i Oppland. Gudbrandsdølen Dagningen er den einaste dagsaviasa i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Avisa dekker følgjande kommuner: nordre del av Ringsaker, Lillehammer, Gausdal, Øyer, Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel kommune, Vågå, Lom, Skjåk, Dovre og Lesja.
Avisa er eit resultat av samanslåinga av Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer (GLT) og Dagningen. Den fyrste avisa etter samanslåinga vart utgjeven den 15. august 1997. Lillehammer Tilskuer vart grunnlagt i 1837, Gudbrandsdølen i 1894 og Dagningen i 1924.
Gudbrandsdølen Dagningen har eit bekrefta nettoopplag på 28 222 (2002).