Grannar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grannar er lokalavisa for kommunane Etne i Hordaland fylke og Vindafjord i Rogaland. Bekrefta nettoopplag var 3906 (2002). Avisa kjem ut to gonger i veka, måndag og torsdag. Avisa har 10 tilsette (tre i redaksjonen). Avisa blir redigert på nynorsk. Kontorstaden er Etne sentrum.