Golfkrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Golfkrigen er vanlegvis ei nemning som vert brukt om krigen i Irak mellom Irak og ein koalisjon med USA i spissen i 1990-91. Konflikten starta 2. august 1990 då Irak invaderte Kuwait. SN innførte då sanksjonar, men Irak gav ikkje etter. Deretter gjekk koalisjonsstyrkane til åtak, og dreiv Irak ut av Kuwait 26. februar 1991. Den offensive operasjonen til koalisjonen gjekk under kodenamnet Operation Desert Storm, på norsk Operasjon Ørkenstorm
[endre] Andre golfkrigar
To andre krigar vert òg stundom kalla golfkrigen. Det er krigen mellom Irak og Iran på 1980-talet, og krigen i Irak, som Sambandsstatane starta mot Irak i 2003.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |
Kategoriar: Historiespirer | Spirer 2006-12 | Krigar | Irak | Kuwait