Fjernsynsserien Rome
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rome er ein kritikarrosa historisk fjernsynsserie produsert av HBO og BBC. Den fyrste sesongen av serien vart vist i USA mellom 28. august og 20. november 2005. I Noreg er han vist på Canal + vinteren 2006, og vert vist på TV Norge hausten 2006.
Serien er sett i Roma i seinrepublikken. Julius Cæsar er akkurat ferdig med kampananjane sine i Gallia (Gallarkrigane), men kan ikkje vende heim til Roma på grunn av mangelen hans på samarbeid med senatet i den nemnde kampanjen. Cæsar sin borgarkrig mot Pompeius vert difor sentralt i serien. Samtidig får ein eit innblikk i oppveksten til Octavianus (seinare keisar Augustus) og dei dynastiske stridane mellom familien Julii og Junii, to av dei mektigaste familiane i Roma, og hendingane som til slutt kulminerer med mordet på Cæsar i 44 f.Kr..
Den overordna handlinga er sentrert rundt dei rike, mektige og historisk signifikante personane i Roma, men perspektivet i serien er gjennom auga til to vanlege soldatar, og deira daglegdagse liv i dei dårlegare strøka i Roma. Personane er Lucius Vorenus og Titus Pullo, to vanlege soldater og dei einaste personane som er nemnde i Julius Cæsar si forteljing om Gallarkrigane i Commentarii de Bello Gallico.
Rome vart nominert for 2 Golden Globe i 2005: for beste dramaserie og for beste skodespelarinne i ein fjernsynsserie, Polly Walker.