Augustus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Augustus er eit namn og ein tittel. På latin har ordet tydinga "majestetisk" eller "ærverdig". Ordet Augustus vert vanlegvis nytta for å omtala romerske keisarar.
Den første "Augustus" (og den fyrste keisaren av Romarriket) var Gaius Julius Cæsar Octavianus, den seinare keisar Augustus av Romarriket. Han vart gjeven namnet av det romerske senatet den 16. januar 27 fvt. Namnet "Augustus" vart etter kvart knytt til makta og fullmaktene i embetet som keisar.
[endre] Sjå òg
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |