Fjøreplytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjøreplytt |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Fjøreplytt (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||
Systematikk | ||||||
|
Fjøreplytt (Calidris maritima) er ein fugl i snipefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Hannfuglen og hoa er like store, omtrent 22 cm. Han er mellom myrsnipa og polarsnipa i storleik. Fuglen er tettbygd og kortbeint. Vinter- og sommardrakta er omtrent like. Han er mørkegrå og brun over heile kroppen, bortsett frå buken, som er kvit. Fjøreplytten har eit langt, litt bøygd nebb. Fuglen har ein mørk flekk ved auget, og ein tilsvarande større flekk ved øyret. Han kan skiljast frå myrsnipa ved at han ikkje har ein svart bukflekk.
Fjøreplytten er også svært lite sky. Han er mest talrik i Nord-Noreg. Fuglen liker seg i vegetasjonsfattige område i låglandet, helst ved vatn.
[endre] Formeiring
Lagar reiret i ei grop fylt med tørre blad og liknande. Legg 3 eller 4 grøne eller lysebrune egg med brune flekkar i juni, og både hanfuglen og hofuglen rugar i til saman ca. 21 dagar. Ungane kan fly 3 veker gamle.
[endre] Levevis
Fjøreplytt et insekt og smådyr, men òg vegetabilsk føde. Dei fleste fuglane overvintrar i Noreg, men nokre trekk sørover til andre nordsjøkystar.