Firda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firda | |
{{{undertittel}}} | |
Type: | Dagsavis |
Format: | Tabloid |
Språk: | |
Målform: | Nynorsk |
Lokalavis for | |
Regionavis for | |
Sogn og Fjordane (Kjerneområde: Sunnfjord) |
|
' | |
{{{riksaviskommentar}}} | |
Eigarskap: | A-pressa (100%) |
Første trykk: | 1917 |
Opphald i produksjonen: | NS-styrt frå 1942 - 1945 |
Siste trykk: | |
Opplag: | 14 006 (2005) |
Politisk posisjon: | |
Redaksjonskontor: | Firdavegen 12, 6800 Førde |
Ansvarleg redaktør: | Jan Atle Stang (2005) |
Politisk redaktør: | |
Nyhenderedaktør: | Sigurd Løseth (2006) |
Kulturredaktør: | |
Feature-/magasinredaktør: | {{{feature-redaktør}}} ({{{feature-redaktørår}}}) |
Produksjonsredaktør: | {{{produksjonsredaktør}}} ({{{produksjonsredaktørår}}}) |
Debattredaktør: | {{{debattredaktør}}} ({{{debattredaktørår}}}) |
Administrasjonsredaktør: | {{{administrasjonsredaktør}}} ({{{administrasjonsredaktørår}}}) |
Utanriksredaktør: | {{{utanriksredaktør}}} ({{{utanriksredaktørår}}}) |
ISSN: | |
Pris i laussal: | |
Nettstad: | firda.no |
Firda (Avishuset Firda) vart grunnlagt i 1917 av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord. Føremålet var å stå i mot mediedominans frå Florø, som var den einaste byen i regionen.
Avisa hadde i 2005 eit opplag på 14 008 aviser med i gjennomsnitt 35 sider, seks dagar i veka. Dette gjer Firda til den største avisa i Sogn og Fjordane framom Sogn Avis. Firda har i seinare tid rekna heile Sunnfjord som nedslagsfelt, og i kommunane Naustdal, Jølster, Askvoll, Førde, Gaular og Hyllestad vert ho tinga av over 70% av husstandane.
Hovudredaksjonen ligg i dag på Øyrane i Førde, historisk har den mellom anna helde til i Elvehuset i Førde Sentrum. Firda har avdelingskontor i Dale, Florø, Høyanger, Askvoll og Sandane. Pr. 2006 har avisa 65 årsverk delt på 75 tilsette, og i 2004 hadde selskapet ein omsetnad på 65 millionar kroner.
Organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra: NO 931 510 126 MVA
Innhaldsliste |
[endre] Mediehus i vekst
I 1990 kjøpte Avishuset Firda trykkeriet Øens prent og skipa Firda Trykk. I 1991 kjøpte selskapet seg inn i video-produksjonsselskapet Vest Vision med 37% av aksjane.
Etter eit oppkjøp i 1996 har avishuset vore 100% eigd av A-pressen ASA og er i dag ansvarleg for A-pressen sine marknadsaktivitetar i Sogn og Fjordane. Målsetnaden til selskapet er regional dominans av heile mediemarknaden i fylket.
I 1998 oppretta avishuset nettstaden firda.no.
[endre] Historie
Frå 1942 til 1945 vart Firda teken over av nazistar og driven av A/S Det Nye Firda med nazivenlege sympatisørar, innsette av Nasjonal Samling.
[endre] Opplagstal
[endre] Redaktørar i Firda
- 1918 - 1920 Kristian Ulltang
- 1920 - 1921 Sigurd Aase
- 1921 Helge Gundersen og Samuel Knutson Sandnes (korte periodar)
- 1922 - 1924 Kristian Ulltang
- 1924 A.H. Refsdahl
- 1928 - 1942 Olai Nordeide
- 1942 - 1943 Jens Nederhagen (Sett inn av NS)
- 1943 - 1945 Halvor Vindsetmo (Sett inn av NS)
- 1945 Johan Djupevik
- 1945 - 1964 Olai Nordeide
- 1964 - 1983 Per Nordeide og Oddvar Nordeide
- 1983 - 1988 Oddvar Nordeide
- 1988 - 1990 Kjell Ove Nordeide
- 1990 - 1995 Rune Timberlid
- 1995 - 1998 Kjell Aga Ulvestad
- 1998 - 2003 Jarle Varpe
- 2003 Sven Arne Vee (konst.)
- 2003 - Jan Atle Stang
[endre] På verdsveven
- firda.no- nettstaden til Avishuset Firda
- NRK om Firda
- Nedslagsfelt for avisa Firda