Førde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førde kjem av norrønt firði, som er dativ av fjǫrðr og tyder fjord, og namnet Førde er brukt som namn på gardar inst i fjordane mange stader langs det vestre Noreg. Førde er også brukt som del av namnet på fleire fjordar, og som familienamn.
- Førde er namn på ein by og kommune i Sunnfjord, sjå Førde kommune.
- Førde er namn på ein tettstad i Sveio kommune i Sunnhordland, sjå Førde i Sveio.
- Førde, eller Førre, Førresfjorden eller Førdesfjorden, er namn på ein tettstad i Tysvær kommune på Haugalandet i Rogaland, sjå Førresfjorden.
- Førde lufthamn ligg i Gaular kommune i Sunnfjord.
[endre] Fjordar
- Førdefjorden er namn på ein fjord som går parallelt med Dalsfjorden i Sunnfjord. Inst i fjorden ligg byen Førde, sjå Førdefjorden.
- Førdesfjorden er namn på ein fjord på Haugalandet i Rogaland. Grensa mellom kommunane Tysvær og Karmøy går langsetter fjorden, sjå Førdesfjorden.
- Førdefjorden, eller Førdesfjorden, er namnet på den søre delen av Breimsvatnet i Gloppen og Jølster kommune, sjå Breimsvatnet
[endre] Kjende berarar av familienamnet Førde
- Einar Førde, tidlegare arbeidarpartipolitikar, stortingsrepresentant og kringkastingssjef.
- Runa Karin Førde, norsk biletkunstnar.
- Jan Helge Førde, norsk jazzmusikar og komponist.