Dyveke Sigbritsdatter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyveke Sigbrittsdatter (ca. 1490–1517), også kalla Dyveke Willoms og Dyveke Villessoon, var frilla til kong Christian II av Danmark-Norge.
Dyveke var dotter av Sigbrit Willoms frå Amsterdam, «mor Sigbrit», og var kjent for å vera svært vakker. Ho skal ha truffe Christian, som då var hertug og kronprins, på eit ball i Bergen i 1507, og blitt frilla hans same kvelden. Kronprinsen bygga eit hus til henne og mora i Oslo. Då han blei konge, flytta ho og mora med til København.
I 1515 gifta Christian II seg med trettenåringen Isabella av Habsburg av politiske grunnar, men han føretrakk fortsatt Dyveke. Då elskarinna døydde på mystisk vis i 1517 meinte kongen at Torben Oxe, høvedsmannen på København Slott, hadde forgifta henne. Fleire bevis på at Oxe var mordaren gjorde at han blei dømd til døden og halshogd.
Dyveke har sidan inspirert forfattarar til å skriva dikt og skodespel om henne, og har gjeve namn til «Dyvekes vei» i Oslo og «Dyvekes Vinstue» i Bergen.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Diktet Dyveke av Sophus Claussen