Dronning Maud av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maud Charlotte Mary Victoria (26. november 1869–20. november 1938) var den første dronninga av det sjølvstendige kongeriket Noreg etter unionsoppløysinga i 1905.
Maud var fødd i England som dotter av prinsen av Wales, den seinare kong Edward VII, og dronning Alexandra, ei dansk prinsesse. Ho var førebudd på eit roleg liv som ei yngre britisk prinsesse, og gifta seg med den danske yngre prinsen Carl av Danmark, utan å vita at han seinare skulle bli kong Haakon VII av Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Valet av Carl og Maud
Etter Unionsoppløysinga gjorde dei norske styresmaktane eit taktisk strategisk trekk, for å unnvære ei krise etter den bråe løysrivinga, ville dei søke eit trygt styre. Løysinga vart monarki, i første omgang vart ein prins av Bernadotte tenkt, men då dette ikkje vart, falt blikket på prins Carl. Ikkje berre var han nordisk, men han var også gift med ei britisk prinsesse. Dette førte til at Storbritannia ville føle ei sterkare tilknyttning til Noreg, vart det tenkt, og prins Carl vart så kong Haakon VII av Noreg, og Maud vart norsk dronning.
Det nye norske kongeparet hadde ein son, prins Alexander Edward Christian Frederik, som fekk namnet Olav då han vart norsk kronprins. Kong Haakon og dronning Maud blei krona i Nidarosdomen i Trondheim den 22. juni 1906. Dette var den siste kongelege kroninga i Skandinavia.
[endre] Dronning i Noreg
Dronning Maud var heile livet svært glad i Storbritannia, men ho tilpassa seg raskt det nye landet og pliktene som dronning. Ho stødde opp om veldedige føremål, særleg dei som var knytt til born og dyr. Ho lærde å gå på ski og skipa til ein engelsk hage ved Kongsseteren.
Den norske dronninga fekk vera med på kroninga av nevøen, kong Georg VI av Storbritannia, i mai 1937. Ho sat i kongeboksen i Westminster Abbey ved sidan av dronning Mary.
[endre] Død
Dronning Maud døydde av hjartefeil medan ho var i London, berre nokre dagar før sin 69 års fødselsdag, og tre dagar etter ein operasjon. Ho vart send attende til Noreg om bord på det britiske krigsskipet HMS Royal Oak. Ho vart gravlagd i det kongelege mausoleet i Akershus festning, som den første frå det nye norske kongehuset.
Dronning Maud land i Antarktis er kalla opp etter henne.