Drakestil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drakestil er namnet på ein stilart som etterliknar dyreornamentikk frå tidlegare, mellom annan norrøn arkitektur. Han var særleg brukt i internasjonal art nouveau eller jugendstil. Drakestilen vart spesielt mykje brukt i møblar og i arkitektur.
Utrykket til drakestilen er stilisert med lange slanke liner. Dette var ein stil som braut med historismen.
Drakestilen har røter i den norrøne tidsalderen og er inspirert av vikingtida og dei tidlege stavkyrkjene. I Noreg er han mellom anna brukt av Henrik Bull.