Dei fem søylene i islam
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islam |
Dei fem søylene |
sjahádah (trusvedkjenning) |
salah (bøn) |
zakát (almisser) |
ramadán (fastemånaden) |
hadj (valfart til Mekka) |
Andre omgrep i islam |
jihad |
Dei fem søylene i islam er namnet på dei mest grunnleggjande rituala i sunni-islam. Omgrepet vert ikkje nytta i sjia-islam, men rituala er å finna att i Usūl al-Dīn (religionen sine røter) og Furū al-Dīn (religionen sine greiner).
[endre] Dei fem søylene i islam
- Trusvedkjenninga (Sjahada) - erklæringa av at ingen er verd å dyrka unnateke Gud og at Muhammed er Gud sin bodbringar.
- Bøn (Salát) - dei fem daglege bønene
- Almissar (Zakat) - som generelt er 2.5% av oppsparte midlar for den rike i handel og industri og 10% til 20% av årleg produksjon for jordbrukarar. Desse pengane, eller produkta, vert distribuert blant fattige.
- Faste (Sawm) - å lata vera å eta, drikka og ha seksuell omgang mellom soloppgang og solnedgang i fastemånaden ramadan, den niande månaden i den islamske kalendaren.
- Pilgrimferda til Mekka (Hadj) - pilgrimsferda vert gjort i månaden Zul Hijjah, og alle muslimar som er i stand til å utføra ho skal reisa i pilgrimsferd minst ein gong i løpet av livet.
[endre] Andre søyler?
Hjå khawaridjittane, ei tidleg muslimsk sekt, samt hjå enkelte moderne djihadistar, vert djihad (bokstaveleg tala strev, men gjerne tolka som heilag strid) rekna for å vera ei sjette søyle i islam. Ismailiane, ei retning av sjia-islam har sju søyler:
- walaiah, kjærleik til Gud, profetane, imamen og dai-en.
- tahara, reinleik
- salah, bøna
- zakah, almissar
- sawm, faste
- hadj, pilgrimferda
- djihad, strev for Guds sak.
Drusarane, ei omstridd muslimsk gruppe har også sju søyler, dei fem vanlege, samt truskap mot imamen og strev for Gud sak.
Kategoriar: Islam | Fem