Commodore 16
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commodore 16 | |
---|---|
Type | Heimedatamaskin |
Utviklar | Commodore Business Machines |
Lansert | 1984 |
Produksjonstopp | 198? |
Prosessor | MOS Technology 7501 @ 0.89 MHz eller 1.76 MHz |
Minne | 16KB |
Operativsystem | Commodore BASIC 3.5 |
Commodore 16 var ein heimedatamaskin som var laga av dataføretaket Commodore i 1984. Den skulle vera ein lågkostnadsmaskin som skulle erstatte datamaskina VIC-20. Texas Instruments, Mattel, og Timex Corporation hadde fått modellar som var billigare enn VIC-20 i pris, så sjølv om Vic-20 tilbaud meir minne og betre utbyggingsmogleikar, var det meininga at Commodore 16 skulle bygge vidare på desse fordelane.
Dessutan frykta Commodore at ein eller fleire japanske føretak skulle kunne underby heile marknaden. VIC-20 hadde vore det første forsvarstrekket. C16 skulle vera det andre. Sjølv om japanske føretak dominerte konsollmarknaden, vart det aldri noko konkurranse om heimedatamarknaden. Dessutan gjekk, Timex, Mattel og TI ut av marknaden før C16 var klar.
Produksjonen av C16 vart raskt avslutta i Amerika ettersom den var meint å kunne konkurrere i eit marknad som aldri vart noko av. Det var også lite tilgjengeleg programvare for maskina, så maskina solgte lite der. I Europa hadde maskina noko suksess som ein billig alternativ til Commodore 64.
Commodore 116 var ein variant av C16 som kun vart seld i Europa. Den hadde enda mindre suksess
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |
Mikrodatamaskinar frå Commodore |
MOS Technology 6502-baserte (8-bit): MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128 M68K-baserte (16/32-bit): Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000 |