Commodore PET
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commodore PET | |
---|---|
Type | Personleg datamaskin |
Utviklar | Commodore Business Machines |
Lansert | 1977 |
Produksjonstopp | 198? |
Prosessor | MOS Technology 6502 @ 1MHz |
Minne | 4KB - 96KB |
Operativsystem | Microsoft BASIC 1.0~4.0 |
Commodore PET (Personal Electronic Transactor) var den første datamaskina som vart laga av det amerikanske føretaket Commodore Business Machines. Føretaket hadde tidlegare kun laga kontormøblar og kalkulatorar. Den første PET modellen kom ut i 1977. Den vart kalla PET 2001 og kom med 4 eller 8kb med valfri RAM. Seinare revisjonar av modellen kunne nytte 16 eller 32 kb med RAM.
Kassettspelaren, som vart nytta som lagringsmedium, var innebygd i systemet og det var difor lite plass attende til tastaturet. Trass det vesle tastaturet vart PET 2001 ein populær modell.
Då Commodore lanserte PET i Europa vart maskinane solgt under namnet CBM, ettersom det Nederlandske føretaket Philips alt solgte datamaskiner under dette merkenamnet.
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |
Mikrodatamaskinar frå Commodore |
MOS Technology 6502-baserte (8-bit): MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128 M68K-baserte (16/32-bit): Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000 |