Codec
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Codec står for «Coder-Decoder» (Kodar-Dekodar). Ein codec kan realiserast i form av hardware eller som programvare.
Kodaren i ein codec kan vera med tap eller tapsfri. Dei fleste kodarar fjernar mindre viktig informasjon for å redusera datamengda som skal lagrast eller overførast. Slike kodarar vert kalla «lossy». Kodarar som ikkje fjernar informasjon vert kalla «tapsfrie».
[endre] Døme på codecar:
- AD/DA-codec: AD- og DA-omformarar plasserte i same integrert krins vert ofte kalla codecar. Dei vert typisk nytta på lydkort.
- Audio codec: komprimerer digital audio for å redusere datamengda som må lagrast eller overførast. Det finst mange forskjellige typar. Dei fleste fjernar informasjon. men det finst òg nokre tapsfrie audio-codecar. Døme på audio-codecar:
- FLAC (Free Lossless Audio Codec)
- Vorbis
- MPEG-1 Layer III (MP3)
- MPEG-4 Part 3 (AAC)
- Tale-codec, som komprimerer/dekomprimerer digital tale. Tale-codecar har som oftast ein høg komprimeringsgrad og informasjonstapet er stort. Kvaliteten på lyden er etter måten låg, men når ein berre er interresert i meininga av det som vert sagt er det som oftas akseptablet med redusert lydkvalitet. Typiske bruksområder er i mobiltelefon, kommunikasjonsradioar, lyd for dataspel, o.l. Døme på tale-codecar:
- Speex
- CELP
- GSM-EFR
- Video-codec, som komprimerer/dekomprimerer digital video. Dei vert nytta i til dømes digitale videokamera. Dæme på video-codecar:
- H.263
- MPEG-2
- MPEG-4
- Theora
[endre] Sjå òg
Omgrepet «Coder-Decoder» viser eigentleg til maskinvare eller progmramvare som inneheld både ein kodar og ein dekodar. Når ein IC eller ein programvaremodul berre inneheld ein einskild kodar eller dekodar er det dirfor ikkje ein codec. For meir spesifikk informasjon om dei einskilde metodane og algoritmene for koding sjå:
- Audiokomprimering
- Talekomprimering
- Videokomprimering
- Digitalt fjernsyn
- Datakomprimering