AD/DA-omformar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AD/DA-omformarar er elektroniske kretsar som omformar analoge signal til binære verdiar, eller omvendt. AD/DA-omformarar er tilgjengelege som separate integrerte kretsar, men kan òg vera integrerte på same kretsen som til dømes ein sensor, ein mikrokontroller, osb.
- AD - analog til digital (også kalla ADC, Analog to Digital Converter)
- DA - digital til analog (også kalla DAC, Digital to Analog Converter)
[endre] Døme på bruk av AD- og DA-omformarar
[endre] Bruk av AD-omformarar:
- Lydkort, der eit analogt elektrisk signal vert omforma til binære verdiar, som vert lagra på ein harddisk, handsame i eit lydredigeringsprogram, osb.
- Eit digitalt termometer, der ei analog elektrisk spenning frå ein temperatursensor vert omforma til binære verdiar av ein AD-konverter og vist på på eit display.