Boris Tadić
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Tadić (serbisk Борис Тадић), fødd 15. januar 1958 i Sarajevo, er ein serbisk politikar, og president i Serbia sidan 11. juli 2004. Han leiar det vest-orienterte sosialdemokratiske partiet Demokratska stranka (Det demokratiske partiet). I første omgang av presidentvalet 13. juni 2004 kom han på andre plass med 27,3 % av røystene, bak den nasjonalistiske kandidaten Tomislav Nikolić. I andre valomgang 27. juni vann han med 53,2 % av røystene.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |