Bjarne Håkon Hanssen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Håkon Hanssen (fødd 1. november 1962 i Namsos) er ein norsk politikar (Ap), og statsråd for Arbeids- og sosialdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Han vart innvalgt på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 1997, og var vararepresentant i perioda 1993–1997.
Han var statsråd for Landbruksdepartementet i regjeringa Stoltenberg I mellom 2000 og 2001. Han har òg vore nestleiar i Næringskomiteen i Stortinget. Han er utdanna lærar ved Levanger Lærerhøgskole. Mellom 1980 og 1982 var han leiar for Arbeidernes ungdomsfylking i Nord-Trøndelag.
Ei av Hanssen sine kampsakar som landbruksstatsråd var reduksjon av matvaremomsen frå 24 til 12 prosent. Målet var å gjera matvarer billegare for forbrukarane. I ettertid synte det seg at mykje av reduksjonen fall vekk i mellomledda. Han var òg ei tid nøydd til å stengja landegrensene for utanlandsk kjøt på grunn av munn- og klovsjuke i EU-området.
[endre] Regjeringsdeltaking
- 17. mars 2000–19. oktober 2001 statsråd i Landbruksdepartementet.
- 17. oktober 2005– statsråd i Arbeids- og sosialdepartementet.
[endre] Stortingskomitear
- 2001–2005 fyrste nestleiar i Sosialkomitéen i Stortinget.
- 1997–2001 nestleiar i Næringskomitéen i Stortinget til 17. mars 2000.
- 1997–2001 varamedlem av Valkomitéen i Stortinget til 17. mars 2000.