Baskarland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baskarland, baskisk Euskal Herria, er ei nemning på eit område i sørvestlege Europa der det bur mange baskarar. Området ligg vest i Pyreneane, på grensa mellom Spania og Frankrike.
Området er delt inn i sju tradisjonelle provinsar som i dag ligg i tre overordna einingar:
- Regionen Baskarland i Spania:
- Araba (Álava på spansk)
- Bizkaia (Vizcaya på spansk)
- Gipuzkoa (Guipúzcoa på spansk)
- I Spania, men ikkje i regionen Baskarland:
- Nafarroa (Navarra på spansk)
- Iparralde eller Pays basque i Frankrike:
- Lapurdi (Labourd på fransk)
- Nafarroa Behera (Basse-Navarre på fransk)
- Zuberoa (Soule på fransk)