Banjul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banjul er hovudstaden i Gambia og ligg på øya St. Mary's Island der Gambiafloden renn ut i Atlanterhavet. Byen er ein av dei minste hovudstadene i Afrika, og blir ofte kalla ein diger landsby. I 2003 hadde han eit estimert folketal på 46.700[1]. Den største byen og det økonomiske senteret i landet er Serekunda.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Britane grunnla byen i 1816 som ein handelsstasjon og eit utgangspunkt for å nedkjempa slavehandelen. Dei gav han namnet Bathurst etter Henry Bathurst, som var britisk minister for koloniane. Namnet blei endra til Banjul i 1973.
[endre] Kommunikasjon
Banjul er den einaste hamnebyen i landet. Saman med peanøttprodukt, som er hovudeksportvara til Gambia, blir òg andre varer som bivoks, palmeolje, palmetrevyrke og dyreskinn frakta ut frå byen. Banjul har òg ein internasjonal flyplass.
[endre] Monument
Arch 22, Tjuetobogen, er porten til Banjul og bygd til minne om militærkuppet som skjedde den 22. juli 1994. Den bua porten er 35 meter høg og står midt på ein open plass som òg er ein del av monumentet.