Hamn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havn er eit område ved hav, sjø eller elv. Området tilbyd eit naturleg eller oppbygd vern mot bølger eller tidvatn for skip. Ei hamn er gjerne tilrettelagd med molo eller med bølgebrytarar. Ei hamn er vanlegvis bygd slik at skip kan plasserast ved ein kai. Slik vert det lettare å frakta varer og passasjerar mellom skip og landjorda. Større hamner ligg gjerne i eller i nærleiken av ein by. Ein slik by vert gjerne kalla ein hamneby.
[endre] Verdens største hamner
Dei ti største hamnene, etter handelsvolum i 2003, målt i millionar tonn.
- Rotterdam (Nederland) 327,8
- Singapore (Singapore) 320,5
- Shanghai (Kina) 315,4
- Hongkong (Kina) 205,8
- Ningbo (Kina) 185,2
- Guangzhou (Kina) 171,1
- Tianjin (Kina) 161,8
- Nagoya (Japan) 153,2
- Antwerpen (Belgia) 142,9
- Tsingtao (Kina) 140,9
- Kjelde: World's Major Ports 2000 - 2003, by metric tons and by TEUs, Port of Rotterdam (PDF-fil, 2,3 mb)
I 2005 er Shanghai verdas største hamn.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |