Arché
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arché eller arkhe er eit gresk ord (ἀρχή) som tyder noko slikt som «det opphavlege» eller «opphavet åt alle ting».
Før-sokratikarane lagde fleire teoriar om kva arché er. Teoriane om arché søkte å svara på kva som låg til grunn for den fysiske verda, rørsle og endring.
Thales såg på vatn, Anaximander tenkte seg apeiron, Anaximenes luft, Pythagoras kan seiast å ha hatt tal, Heraklit logos, Parmenides «Det Eine», Empedokles dei fire elementa og Demokrit tenkte seg atom som arché.
[endre] Anna
- Ordet arketyp er avleia av arkhe.
[endre] Kjelde
- Dagfinn Døhl Dybvig & Magne Dybvig (2003). Det tenkende mennesket. Trondheim: Tapir. ISBN 8251918642.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |