Alke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alke |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Alke |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Alca torda Linné |
Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien. Fuglen har svart og kvit fjørdrakt. Nebbet, hovudet, vengjene og ryggen er svart.
[endre] Utbreiing
Fuglen hekkar spreidd langs vestkysten av Nord-Atlanteren, på Grønland, Island, Jan Mayen og Bjørnøya. Langs austkysten av Atlanterhavet hekkar alke til Kolahalvøya. I Noreg hekkar fuglen i fuglefjella frå Møre og nordover.
[endre] Levemåte
Alke legg egg rett på bakken. Fuglen legg eitt egg og rugar det i 35 dagar. Arten har likevel to rugeflekkar. Ungane har kraftig dundrakt. Dei er velutvikla når dei vert klekte. Han vert mata med småfisk som foreldra ber på tvers i nebbet. Fuglane hekkar ikkje før dei er fleire år gamle.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |