Akevitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akevitt er eit nordisk brennevin med rundt 40 volumprosent alkohol som kan vera klart eller gyllent på farge. Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, og smakssett med ulike krydder og urter. Han blir i dag særleg drukken ved høve som jul og nasjonale høgtider.
Namnet «akevitt» er avleia av aqua vitae, latin for 'livsens vatn'. Drikken er òg kjend ganske enkelt som brennevin.
Innhaldsliste |
[endre] Det krydra brennevinet
Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, på same måte som snaps. Poteta blir mosa og gjæra, og så destillert to gonger for å laga akevitt.
Brennevinet får den særmerkte smaken sin frå dei mange kryddene som er blanda i medan han er destillert den andre gongen. Karve er viktigast og er alltid brukt, men andre krydder kan også blandast i for å gje god ange, mellom anna anis, fennikel, kardemomme, vanilje, koriander, sitronskal og lakris.
Fargen på drikken kjem som regel av kor lenge han har mogna på eikefat. Jo mørkare gulbrun han er, jo lenger har han vore lagra i unge fat. I nokre tilfelle kan dette òg koma frå kunstig tilsett karamellfarge (E 150). Eit anna unntak er når lagringa føregår i gamle eikefat som ikkje fargar drikken, og ein får ein klar taffelakevitt.
[endre] Drikking
Akevitt vert som oftast drukke ublanda, men blir gjerne servert saman med øl. Nokre hevdar at han smakar best når han er drukke frå eit glas som har vorte litt kulsa. Ofte drikk ein glaset i eitt drag.
Brennevinet blir sett på som ein tradisjonsdrikk, og blir ofte drukke i faste samanhengar. Han er populær på julebord og til sjølve julefeiringa. Det er òg vanleg å servera akevitt på den norske nasjonaldagen syttande mai eller den svenske midsommarfeiringa. Særleg i Sverige er det vanleg å synga drikkeviser til.
Drikken blir ofte servert til sursild, lutefisk, røykt fisk eller kreps. Han kan òg drikkast saman med ulike typar julemat, som pinnekjøt eller ribbe. Det blir ofte sagt at akevitten hjelper ein å fordøya feit mat.
[endre] Historie
Me veit ikkje kor lenge ein har laga akevitt i Noreg, men den første gongen han blei nemnd var i 1531. Den 14. april det året sendte Eske Bille, ein danske som var slottsherren til Bergenshus, ei pakke til Olav Engelbrektsson, den siste erkebiskopen i Noreg, som då budde på Steinvikholm slott i Stjørdal. Pakka hadde:
-
- «nogit Watn som kallis aqua vite och hielper samme watn for alle haande kranckdom som ith menneske kandt haffue indvortes och udvortes.»
Akevitten som Engelbrektsson fekk var ikkje det same som me drikk i dag - det var basert på korn og ikkje potetsprit som no, og var fusel (ureinsa). Akevitt har etter det utvikla seg over fire hundre år til han blei drikken som av særleg nordmenn vert seten stor pris på i dag.
[endre] Typar
Det finst mange forskjellige typar akevitt laga etter forskellige oppskrifter, med forskjellige krydderblandingar, og forskjellig lagringstid for akevitten. Dei fleste norske akevittypane vert lagra i frå eitt til tolv år på eikefat, og er derfor både sterke på smak og mørke på farge. Danske og svenske akevittar er gjerne lysare.
Løiten, Opland, Lysholm og Simers er rekna som dei fire klassiske norske merka, men mange set òg pris på Gilde. I Danmark er Aalborg det viktigaste merket og i Sverige O.P Andersson.
[endre] Linie
I 1840 drog eit norsk skip, 'Preciosa', forbi Kapp Horn. Skipet hadde akevitt i eikefat som var blitt brukt for sherry før. Mannskapet meinte at akevitt smakte mykje betre etterpå, og dermed blei 'linie-akevitt' oppfunne. Linieakevitt er i dag laga av Løiten og Lysholm, som sender akevitten bortanfor ekvator til Australia og tilbake i same slags eikefat.
[endre] Akevittkultur
Norske akevitters venner gjev ut eit medlemsblad med råd om ymse akevittar. Mange nordmenn feirar den 14. april som «akevittens dag».