Aire
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aire er ei elv i West Yorkshire i England. Delar av elva er utbetra slik at ho dannar ein kanal, og det er laga eit kanalsamband med elva Calder. Ho dannar såleis ein del av Aire- og Calder-kanalen.
Elva har utspringet sitt ved Aire Head, nær Malham. Ho renn gjennom byane Gargrave og Skipton inn i West Yorkshire, der ho renn gjennom dei tidlegare industriområda Keighley, Bingley, Saltaire og Shipley, før ho går gjennom Leeds og munnar ut i Ouse ved Airmyn.