Wollert Konow
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Wollert Konow (1779-1839). Norsk Stortingsrepresentant frå Bergen i periodane 1815–1817 og 1827–1819.
- Sjå òg Wollert Konow (1809-1881).
- Sjå òg Wollert Konow (1847-1932), stortingsrepresentant for Hedemarken (H.) og landbruksminister frå 1900 til 1903
Wollert Konow 16. august (1845–1924) var ein norsk venstrepolitikar og brukseigar med fleire regjeringspostar, den viktigaste som statsminister frå 1910 til 1912. Han var fødd på Stend i Fana ved Bergen som son av dr.philos. Wollert Konow (1809-1881) og Marie Louise Oehlenschläger.
Som politikar representerte han partia Venstre og Frisindede Venstre. I politisk samanheng vart Konow ofte omtalt som Wollert Konow (S.B.). (S.B.) står for Søndre Bergenhus amt, det seinare Hordaland fylke. Slik kan ein skilja han frå syskenbarnet og politikaren Wollert Konow (H.). (H.) står i denne samanheng for "Hedemarkens amt".
Wollert Konow hadde fleire regjeringspostar:
- Norsk statsminister frå 2. februar 1910 til 19. februar 1912
- Landbruksminister frå 2. februar 1910 til 1. mars 1910
- Revisjonsminister frå 2. februar 1910 til 19. februar 1912
Konow måtte gå av som statsminister i februar 1912. Ein grunn var at han hadde omtala målsaka i positive vendinger. Høgre let sine statsrådar gå av, og saka enda med at Jens Bratlie frå Høgre tok over som statsminister. Partiet Frisindede Venstre var framleis med i regjeringskoalisjonen.
Konow var gardbrukar (brukseigar) på farsgarden Stend i Fana frå 1873. Frå 1880 var han medlem av Fana heradsstyre (Fane herredsstyre). Ordførar i Fana frå 1880 til 1898 og frå 1898 til 1900.
Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen. Jeg har været og er og vil alltid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang blev knyttet til denne sak; ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning, at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundredaar. Det fanatiske had mot denne bevægelse vil nok bli lagt ned om ikke saa mange aar som magtesløst og ørkesløst.
|
||
meir | liknande sitat |
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nynorskvenleg statsminister måtte gå www.nesteklikk.no
- Nokre av Konow sine talar www.virksommeord.uib.no
- Hei Wollert, du er helt OK! NRK Radio Røynda
Føregjengar: Gunnar Knudsen |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Jens Bratlie |