Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsesse Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld (f. 17. august 1786 i Coburg, Tyskland, d. 16. mars 1861 i Frogmore House, Windsor) var mor til dronning Victoria av Storbritannia.
Den tyskfødde prinsessa blei fødd i 1786 som dotter av hertug Franz av Sachsen-Coburg-Saalfeld og Auguste von Reuss zu Ebersdorf. Da ho var 17 år gammal, den 21. desember 1803, gifta ho seg med fyrst Emich Karl von Leiningen, men han døde allereie i 1814.
Frå dette ekteskapet hadde ho borna:
- Karl Friedrich Wilhelm, fyrste av Leiningen (1804-1856)
- Anna Feodora Auguste av Leiningen (1807-1872), seinare fyrstinne Feodora von Hohenlohe-Langenburg
Fleire år seinare (11. juli 1818) gifta ho seg i Kew Palace (Surrey) med Edward August av Hannover, hertugen av Kent, ein yngre son av kong Georg III av Storbritannia. I dette ekteskapet fikk ho dattera Alexandrine Victoria, den seinare dronninga av Storbritannia og Irland og keiserinna av India.