Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions Brukardiskusjon:Verdlanco - Wikipedia

Brukardiskusjon:Verdlanco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gamle innlegg vert etterkvart flytta til arkivet.

Mine andre diskusjonssider:
esperanto engelsk Commons


Innhaldsliste

[endre] Forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar

Hei Verdlanco :) Har lagt inn eit forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar på Samfunnshuset. Hovudtrekka er: (1) Vi veks. Det fører med seg ansvar. (2) Finn lenkjer til no:/sv:/da:/fo:/is:/fi:/ (eller minst dei tre første) og legg dei øvst i interwikilenkjelista; og (3) lat oss vera proffe og samarbeide så godt vi kan med no:. Sjekk gjerne ut det eg skreiv og redigér det der set er rom for betring. Om du skulle finne ei brukardiskusjonsside utan denne notisen frå meg, så sprei han gjerne! -- Olve 10. nov 2004 kl. 08:27 (UTC)


[endre] Statistikk-omsetjing

Hei Verdlanco! Er omsetjing som har gjort at du ikkje har vore så særs aktiv i det siste? Eg reknar med det er du som har gjort omsetjinga, i alle tilfelle kjempeflott! Eg byrja for ganske lenge sidan her, kanskje du kunne tenkja deg å lima inn ometjinga di, slik at me kan pussa litt på den? --Guttorm 22. mar 2005 kl. 1121 (UTC)

Hei, Guttorm! Nei, eg har ikkje brukt so veldig mange timane på omsetjinga, men eg har brevveksla litt med Språkrådet om namn på språk. Sjølvsagt vil eg gjerne leggja omsetjinga ut for fri redigering, men eg hadde ikkje teke meg tid til å setja meg inn i kvar eller korleis; eg ynskte å få omsetjinga ferdig før neste oppdatering av statistikken, som var den 9. mars, so nynorsk kunne vera på banen før bokmål for ein gongs skuld!  :-)
Den omsetjinga som du hadde byrja på, hadde eg faktisk sett, men hugsa ikkje kvar. Eg kan gjerne leggja inn mi omsetjing der. Viss det er skilnader, vert vi nok samde etter kvart! (Først legg eg inn den omsetjinga som no er i bruk på statistikksidene, m.a. for at historikken skal bli lett å spora. Viss eg dermed overskriv dine omsetjingar, er det altså ikkje fordi eg meiner at mi omsetjing er betre; du er velkomen til å leggja inn att dine ting etterpå.)
--Verdlanco (diskusjon) 22. mar 2005 kl. 1554 (UTC)
Sjølvsagt skal du overskriva det vesle eg hadde byrja med:-) Eg tenkte litt på det og det er eigentleg like greit om du legg det inn her, sidan dette er Wikipedia-spesifikt og ikkje noko som truleg kjem til å bli brukt av andre. Du kan t.d. leggja det på Wikipedia:WikiReports_NN.pl, men det er no mykje det same. --Guttorm 22. mar 2005 kl. 1718 (UTC)
Eg la det på nn:, med ein peikar frå diskusjonssida på meta. (Dvs. at eg ikkje har oppdatert meta-varianten.)
--Verdlanco (diskusjon) 23. mar 2005 kl. 0746 (UTC)


[endre] Innspel til grunnstoff

Hei! Takk for innspel om formatering m.m. i grunnstoffmal og artiklar – særleg forslaget om bruk av «·» (·) i staden for «×» (×) i vitskapleg notasjon (t.d. 3,0·1010 m/s). Sjølv skriv eg ofte gangeteikn som bokstaven «x», og det er for så vidt ikkje misvisande eller vitskapleg feil (trur eg), men eg er samd i at prikk er betre – ikkje nødvendigvis fordi det er norsk standard, men fordi det ser finare ut. Når det gjeld isotoptabellen i grunnstoffmalen prøvde eg i utgangspunktet å halda han så smal som mogleg, og difor stod det halvliv som ei gyldig kortform av halveringstid. Men no er etter kvart heile infoboksen blitt så brei at det ikkje har så mykje å seia lenger, så det er like greit at det står fullt ut. Samstundes kan eg nemna at eg oppdaga ein trykkfeil i bruken av infoboksen i mange grunnstoffartiklar etter at du hadde redigert hydrogen, og det var jo bra – at det blei oppdaga, altså. Malen var rett, men kodinga av elektronkonfigurasjon i artiklane hadde ein feil som forstyrra neste rad i infoboksen. Eg held på å retta på det no... --Eddi (Snakk) 13. apr 2005 kl. 0958 (UTC)

Målet mitt var å få ein einheitleg utsjånad på den allereie svært fine infoboksen, og sidan både · og × var brukte i boksen frå før, måtte eg velgja ein av dei. Eg tykkjer òg at prikk er finare enn kryss, so eg valde den. (Eg ville neppe ha endra det dersom det hadde vore gjennomført bruk av kryss i heile artikkelen.)
Ordet halvliv hadde eg aldri høyrt før, og trudde det berre var sløv omsetjing frå engelsk. Viss det faktisk er i bruk på norsk, skal eg ikkje insistera på halveringstid.
No er norske grunnstoff-infoboksar gjennomført betre enn dei engelske. Bra jobba!
--Verdlanco\diskusjon 13. apr 2005 kl. 1248 (UTC)


[endre] Korleis den første administratoren på eit Wikimedia-prosjekt blir til

[endre] Kven?

  • Spørsmål 1:Kven er byråkratar/administratorar på Nynorsk Wiktionary?
  • Spørsmål 2:Viss du har noko med det å gjere, kan eg få bli byråkrat?

Eirik 29. apr 2005 kl. 1457 (UTC)

Hei, Eirik!
  • Svar 1:Ingen, so vidt eg veit! Ikkje eg, iallfall. Eg fann ei tom Wikiordbok allereie oppretta, og laga berre ei framside til henne.
  • Svar 2:Var det opp til meg, skulle du få bli sjefsadministrator/sysop der! Eg skal kontakta nokre sysop-ar på andre wikiordbøker og spørja om dei kan hjelpa oss med dette.
--Verdlanco\diskusjon 29. apr 2005 kl. 1729 (UTC)

Takk skal du ha, Verdlanco! Eirik\diskusjon 30. apr 2005 kl. 1057 (UTC)

Og før du spør: Akkurat det same er tilfelle med Wikifrasar på nynorsk! :-)
--Verdlanco\diskusjon 1. mai 2005 kl. 1853 (UTC)
Det var eg som oppretta den tomme wiktionaryen på samme måte som eg gjorde med wikipedia, eg hugser ikkje heilt kva tid, januar eller februar kanskje? Men det tyder at ingen er administratorar eller byråkratar. Du kan spørja til dømes meta:User:Angela om hjelp. Bjarte 3. mai 2005 kl. 0635 (UTC)
Forresten, den rette staden er jo sjølvsagt Meta:Requests_for_permissions. Bjarte 3. mai 2005 kl. 0644 (UTC)
Jepp, det stemmer! Eg spurde der, og no er både Eirik og eg byråkratar i Wikiordboka!
--Verdlanco\diskusjon 5. mai 2005 kl. 1458 (UTC)

[endre] Making a Sysop

I saw your question to Paul G on the English Wikipedia about making a Sysop on a Wiktionary, what you want is: http://meta.wikimedia.org/wiki/Requests_for_permissions. 69.137.101.9 3. mai 2005 kl. 0300 (UTC)
Thank you very much for the pointer, Kevin! (I assume that was you!)
--Verdlanco\diskusjon 3. mai 2005 kl. 1125 (UTC)


[endre] Om framtidige årstal

Kor langt inn i framtida skal me laga årsartiklar? Eg ser du er i gong med å laga klar artiklar for dette århundret. Det kan vel vera ei grei grense det kanskje? Bjarte 16. mai 2005 kl. 1114 (UTC)

Ja, eg blei litt riven med der, og la inn alle årstala som fanst på nederlandsk wikipedia og som hadde meir enn tre interwiki-peikarar. Det vil seia åra fram til 2041 pluss 2061 og 2066. For min del kan folk gjerne leggja inn resten av åra i dette århundret, men eg kjem neppe til å gjera det.
--Verdlanco\diskusjon 17. mai 2005 kl. 0621 (UTC)


[endre] Takk

Tusen takk for hjelpa frå deg òg! =) No slepp eg å drite meg ut foran norsklærerinna (den eineste i klassen som ville visst kva som var feil…). Jon Harald Søby 19. mai 2005 kl. 1413 (UTC)

Vel, det er berre unntaksvis at eg kjem til å hjelpa studentar med språket i oppgåvene deira gjennom Wikipedia. Og då er det ikkje for å vera grei, men av di eg får lyst til det. Berre ikkje gjer det til ei vane å leggja tekstar fram på Wikipedia for retting før innlevering!  :-)
--Verdlanco\diskusjon 20. mai 2005 kl. 0736 (UTC)


[endre] Nynorsk wikibooks

Hei! Dette er August Lilleaas, eneste administrator på norske wikibooks. Ser du har skrevet noe om at nynorsk og bokmål burde samkjøre - det kan vi godt! Noen forslag til fremgangsmåte? --August 22. mai 2005 kl. 0833 (UTC)

Hei, August! Eg har kome med eit framlegg til korleis eg trur dette kan gjerast, på Diskusjon:Hovedside.
--Verdlanco\diskusjon 22. mai 2005 kl. 1422 (UTC)


[endre] Opphavsrett til Kjell.gif, til bruk på commons

Hei! Sidan det var du som lasta opp biletet, gidd du ta ein kikk på diskusjon:bokstaven kjell? Takk. --Eddi (Snakk) 3. august 2005 kl. 22:57 (UTC)

Skal bli!
--Verdlanco\ordskifte 14. august 2005 kl. 11:01 (UTC)
Eg trur eg berre klipte ut kjell frå ein skjermdump av heimesida til Typisk norsk. Dette har eg no forklart i skildringa av kjell på commons.
--Verdlanco\ordskifte 24. februar 2006 kl. 19:14 (UTC)


[endre] Prosjekt: Språk

Hei, Verdlanco, triveleg at du vil vere med på språkprosjektet. Det trengst både meir tekst om språk med tekst, og fleire språkartiklar, som du ser. Har du tankar om kva du vil prioritere så berre kom med dei! Trondtr 20. sep. 2005 kl. 16:28 (UTC).

Eg veit ikkje kva eg får tid til å setja i gang med først, men det blir uansett ein roleg start for min del; eg har (dessverre) ikkje mykje ekstra tid å ta av. Men eg er svært interessert i språkprosjektet, so eg fann ut at eg iallfall måtte melda meg på!
--Verdlanco\ordskifte 20. sep. 2005 kl. 17:17 (UTC)


[endre] Nynorsk Wikiquote

Hei, Verdlanco! Eg lurte på om eg kunne få administratorstatus på Nynorsk Wikiquote. Eg har gjort ein del redigeringar der, og ynskjer å gjere litt vedlikehaldsarbeid som ein treng admin-status til. --EIRIK\diskusjon 16. okt. 2005 kl. 16:29 (UTC)

Ja, so lite som eg har fått gjortWikifrasar, er det berre fint at fleire har lyst til å ta ansvar! Viss du fører opp namnet ditt på den ikkje altfor lange kandidatlista: http://nn.wikiquote.org/wiki/Wikiquote:Administrator :-), skal eg læra meg korleis eg utnemner ein administrator. Viss ingen av dei sju andre brukarane brått kjem med sterke innvendingar, er du forhåpentlegvis admin neste dag!
--Verdlanco\ordskifte 16. okt. 2005 kl. 17:27 (UTC)

Tusen takk! No har eg sett meg opp på kandidatlista. Forresten, lenkja du leitar etter for utnemning av administratorar er denne. --EIRIK\diskusjon 16. okt. 2005 kl. 17:55 (UTC)

Takk for hjelpa! No skulle du ha fulle sysop-rettar på Wikifrasar, viss eg gjorde det rett!
--Verdlanco\ordskifte 21. okt. 2005 kl. 10:18 (UTC)


[endre] Teknologi

Hei, eg tykkjer det var lurt med ei eiga teknologispire. Eg oppretta "Teknologipedantar" som kategori for nokre dagar sidan og om dette er et felt som høver deg, kan du no legge til Kategori:Teknologipedantar i brukasida di om du vil... --Anders 20. okt. 2005 kl. 21:50 (UTC)

Takk, for tilbodet! Men eg er nok ingen stor teknologifrik, sjølv om eg har stor sans for sære gadgets og teknologiske nyvinningar!
--Verdlanco\ordskifte 21. okt. 2005 kl. 10:18 (UTC)


[endre] Wikistats

Hi Verdlanco, since July no complete dump was made, while admins experimented with new settings, and struggled with shortage of disk space, which made several runs fail. Until this week, coincidentally, when a complete dump was made succesfully. So now I can run new wikistats, hope to do so next weekend. Yes I remember now you asked for language scripts on meta. Please remind me again in six months time, Keeping those online files up to date after every program change, checking regularly for other peoples updates, restoring html encodings that got lost because people changed then to utf, etc means more work for me, I'm afraid. Right now I can hardly work on Wikipedia as my RSI (repetitive strain injury) reappeared after 8 years. So first priority is to keep Wikipedia work to a minimum while I'm on partial sickleave from my job. I normally send files on request. I'm more than willing to send them to you. If you mail me via wikipedia, I will reply with scripts attached. Erik Zachte

Cheers, Erik

Og når du har fått dei er det fint om du legg dei ut her før du byrjar omsetjinga (eg reknar med det er det det er snakk om her) så får me sjå om me kan få litt meir samarbeid om det denne gongen? (This was a note to mister Verd'o, Erik ;-). --Guttorm 29. okt. 2005 kl. 20:48 (UTC)
No har eg fått dei. Men eg må spørja Erik om lov før eg kan leggja dei ut.
Eg legg berre ut nynorsk her på Nynorsk Wikipedia (viss det er greitt for Erik). Dei andre språkscripta legg eg på sine respektive wikipediaar.
--Verdlanco\ordskifte 30. okt. 2005 kl. 07:05 (UTC)
Flott :-)
No har eg fått lov!
>> Hi, Erik!
>>
>> Thank you for the language scripts!
>>
>> Would you mind if I post some of them on their respective
>> Wikipedias so users may discuss and update them?
>>
>> I would explain on the page that edits don't automatically
>> go into Wikistats, and I would not require you to check
>> the pages for updates yourself, but once in a while (when
>> you are working on Wikistats) you could receive the latest
>> version.
>>
>> Of course, posting the scripts in Wikipedia would mean
>> releasing that part of the source code under the GNU public
>> license, so I will not do it if that is not what you want.
>>
>> Verdlanco
>Verdlanco,
>that is OK
>let us see how that goes.
>Cheers, Erik
--Verdlanco\ordskifte 30. okt. 2005 kl. 14:37 (UTC)
Bra! :-) Olve 30. okt. 2005 kl. 14:50 (UTC)


[endre] Fint du tenkjer stort!

Fint du tenkjer stort :-) Olve 23. nov. 2005 kl. 22:06 (UTC)

Ja, det er nesten inga grense for kor mange artiklar me kan skriva om einskilde tal!  :-)
Nonillionen har stått på ønskelista mi lenge!
--Verdlanco\ordskifte 23. nov. 2005 kl. 22:17 (UTC)

Apropos høge tal - Er det nokon som ikkje lengre kan hugsa kor mykje ein "Mong" var?--Anders 23. nov. 2005 kl. 22:37 (UTC)

Opprinneleg trur eg det var omlag 4 milliardar kroner, men summen vaks i takt med skandalen til omlag 6 milliardar kroner. Men kva med ein «Lødd»? Der hugsar eg korkje storleiken eller kva for skandale det var snakk om. --Eddi (Snakk) 24. nov. 2005 kl. 01:10 (UTC)
"Mong" og "lødd" var vel strengt tatt ikkje tal, men pengesummar eller priseiningar. Dvs. at talverdien var forskjellig avhengig av om det var snakk om U.S. dollar eller norske kroner.
--Verdlanco\ordskifte 24. nov. 2005 kl. 07:19 (UTC)
Det har du heilt rett i, og eg er svært lei for overtrampet. Men utan tal vert det jo ingen pengar! :) Når det no likevel er retta opp så er det kanskje nokon som sit med svaret... --Eddi (Snakk) 24. nov. 2005 kl. 21:18 (UTC)
Tja, i fylgje kjelder eg har er ein lødd frå den tida ein eller annan Løddestøl var toppsjef i DNC og hadde tapa halvanna milliard på underskot og utru tenarar. Det er då det eg har lest meg til...--Anders 24. nov. 2005 kl. 22:54 (UTC)
Mong og lødd var på åttitalet mykje brukte uttrykk som sto for grådigheit, egoisme og manglande bakkekontakt. Verdiane – i kroner – kan lesast ut av denne artikkelen: http://www.dagbladet.no/nyheter/2000/10/09/222449.html
--Verdlanco\ordskifte 25. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)


[endre] Spørsmål - kategori Russiske føderasjonssubjekt?

Hei! Eg vågar meg til å stilla deg eit spørsmål sidan du ser ut til å ha peiling: Skulle gjerna ha oppretta ein kategori:Russiske føderasjonssubjekt under Russland:Geografi: men veit ikkje heilt korleis - korleis? (Barend 1. des. 2005 kl. 13:20 (UTC))

Eg svarer, viss det er greitt! Du har sikker lagt inn kategori:russiske føderasjonssubjekt i nokre artiklar? Trykk på den raude peikaren, så får du ei redigeringgside som til ein vanleg artikkel. Her kan du skriva inn t.d. kategori:Russland, kategori:russisk geografi eller kva du måtte ønska. Trykk på lagre og kategorien er laga. -- Ranveig 1. des. 2005 kl. 13:24 (UTC)
Hei, Barend!
Eg reknar med at Ranveig sitt svar hjelpte deg. Viss du ikkje får det til, berre spør i vei!
Dette burde forresten stå forklart einkvan plass på hjelpesidene!
--Verdlanco\ordskifte 1. des. 2005 kl. 13:54 (UTC)
Det er det då òg, på Wikipedia:Kategoriar. Men det er for keisamt å stadig visa til slike hjelpesider. -- Ranveig 1. des. 2005 kl. 14:02 (UTC)
Å, soleis ja! Takkar og bukkar. (Barend 1. des. 2005 kl. 14:14 (UTC))


[endre] Kvifor « (nordamerikansk film frå ...)»?

Kvifor har du skrive «(nordamerikansk film frå ...)» i tittelen på alle filmane du har lenkja til i dei nyaste artiklane dine? Dette er vel ikkje naudsynt utanom når det finst fleire filmar med same namn? --EIRIK\diskusjon 26. des. 2005 kl. 16:01 (UTC)

Naudsynt er det ikkje, nei. Men ettersom
  1. mange filmar har namn som kolliderar med andre oppslagsord (t.d. boktitlar eller kva som helst anna),
  2. vi ikkje har tradisjon for nokon hierarkisk struktur av artiklar (t.d. eit prefiks som «Film/» eller «Filmen » framfor filmtitlar) i Wikipedia, og
  3. eg er opphengt i at artikkeltitlar helst skal ha konsekvent form,
valde eg dette som eit framlegg til ein måte å markera (alle) filmtitlar på, etter modell av den eksisterande artikkelen Blücher (norsk film frå 1988).
No er eg ikkje spesielt glad i parentesar i titlar, so viss einkvan har eit betre framlegg til konsekvent namngjeving av spelefilmartiklar, skal eg ikkje vera vond å be!
--Verdlanco\ordskifte 27. des. 2005 kl. 07:32 (UTC)
Ein stad på det store wikipediatreet står det skrive (etter ein diskusjon, så klart) at filmar og liknande verk skal leggjast inn under originaltittel. Om denne er fleirtydig, meiner eg me blei einige om å bruka "Filmtittel (filmår)", altså Blücher (1988) i staden for det ein faktisk har brukt. Dette vil vera til hjelp, og vera enkelt, om ein har fleire filmar av same namn. No kan eg ikkje finna noko døme på at det faktisk er gjort slik, men eg synest likevel det er ei grei ordning! -- Ranveig 27. des. 2005 kl. 08:24 (UTC)
Einig med Ranveig. -- Olve 27. des. 2005 kl. 08:28 (UTC)
Treng vi årstal i dei tilfella det ikkje finst fleire filmar med same namn, då? --EIRIK\diskusjon 27. des. 2005 kl. 10:39 (UTC)
Nei! Om ein film heiter til dømes Villdyret våknar i Julebygda del 4: Geispen er det nokså truleg at han er åleine om det. Men det skader aldri å laga omdirigering frå Villdyret våkner i Julebygda del 4: Geispen (2005), så slik sett blir det ikkje feil å peika til filmtitlar med årstal i parentes. -- Ranveig 27. des. 2005 kl. 11:05 (UTC)
.Er Villdyret våknar i Julebygda del 4: Geispen å finne på DVD? :-) --Bep 24. februar 2006 kl. 18:43 (UTC)

[endre] Spirer på éi line

Eg registrerer at du sprutar ut med spirer på éi line om dagen... Det ser sikkert bra ut på "tal artiklar"-statistikken. Men eg er ikkje sikker på at det i lengda er optimalt for nn:. Spirer har ein tendens til å forbli spirer. Dette er diskutert tidlegare; konklusjonen då meiner eg å hugse var at ei spire minst bør bestå av tre liner. --Bep 21. des. 2005 kl. 21:11 (UTC)

Takk for hintet! Eg lagar spirer om emne eg kan tenkja meg å skriva om sjølv, men det vert ikkje alltid tid til oppfølging! Eg skal prøva å ta meg tid til å skriva litt meir i kvar spire.
--Verdlanco\ordskifte 21. des. 2005 kl. 21:36 (UTC)
Bra! Eg skal ta ein titt på desse artiklane om ein månads tid og kome med ein ny konklusjon... --Bep 21. des. 2005 kl. 21:38 (UTC)
Nei, korkje eg eller andre har fått tid til noka særleg oppfølging av skodespelarspirene. Men eg har sytt for at spirar eg har skrive sidan, har vore litt lengre. (Det var dét eg meinte med den siste setninga over, ikkje at eg sjølv nødvendigvis ville skriva meir i mine eigne spirer.)
Eg ser at du, Bep, har teke opp dette i Samfunnshuset, og at Ranveig har markert ein del av spirene som spirefrø. Eg synest at mengda informasjon i ein artikkel må vera viktigare enn talet på liner, og difor tykkjer eg at det er litt urettvist å plassera mine «mini-artiklar» i same bås som faktalause sider som Ansvarsproblemet, Barneoppseding, Gråbein eller Kenneth. Mine spirer inneheldt i det minste allereie frå starten informasjon som i alle fall eg til då hadde sakna i Wikipedia!
Uansett er det ikkje bra at ei spire forblir ei spire i årevis. Du seier det kan vera «motiverande å gå laus på dei raude lenkene». Vi bør prøva å finna ein måte å gjera dét å gje spinkle artiklar kjøt på beina, like motiverande!
--Verdlanco\ordskifte 22. februar 2006 kl. 22:04 (UTC)
Vel, å spe på spirer blir aldri like motiverande som å starte på ein ny artikkel, slik er det berre. Eg er IT-mann av yrke - eg kan spy ut tusenvis spirer av typen du har laga utan å løfte på skuldrane. Men artiklar av typen "nn er ein amerikansk skodespelar" kan vel knappast reknast som ein artikkel? --Bep 22. februar 2006 kl. 22:42 (UTC)
Hmm... eg visste at visse kretsar ser på nn: som ei fager dame, men har ho kome så langt i verda at ho opptrer som amerikansk skodespelar? -- Ranveig 22. februar 2006 kl. 23:06 (UTC)
No provoserer du berre, Bep. Ég òg kunne ha laga eit script som genererte spirer ut ifrå ei liste av namn og nasjonalitetar, men eg gjer det ikkje, nettopp fordi artiklar utan verkeleg informasjonsinnhald ikkje er bra for Wikipedia.
Alle mine spirer inneheld data som eg har brukt tid på å grava fram fordi dei ikkje fanst tilgjengeleg i Wikipedia. Eg er samd i at somme av spirene var i kortaste laget, men likevel tviler eg på at du kan finna ei einaste spire som eg har laga, som ikkje inneheld fakta som du ikkje visste frå før!
--Verdlanco\ordskifte 24. februar 2006 kl. 11:31 (UTC)
Eg vågar meg til å blanda meg inn uinvitert til forsvar for Verdlanco - eg synest spirer på ei line ofte kan vera mykje betre enn ingenting. Når folk slår opp på ein person i eit leksikon er det svært ofte berre for å sjekka fødselsdato eller nasjonalitet. Ei spire på ei linje med desse opplysningane kan då vera alt som trengst. (Barend 24. februar 2006 kl. 15:08 (UTC)) (Har sjølv laga korte spirer om personar.)
Ja, det var omtrent slik eg tenkte då eg laga dei kortaste artiklane om kjende personar. Kjekt å sjå at fleire enn eg synest at litt er betre enn inkje!  :-)
Men eg tenkte òg at ein liten start kunne koma til å inspirera andre til å utdjupa emnet, og slik har det diverre ikkje gått (hittil).
--Verdlanco\ordskifte 24. februar 2006 kl. 18:28 (UTC)
Meir spireforsvar. Eg har uttrykt mi meining om dette før og gjentek det gjerne. Ei spire er veldig mykje betre enn ingenting. Ei god spire må ha interwiki lenkjer, når det er muleg, og gjerne andre lenkjer.
Dessutan trur eg det kan vere enklare å skrive vidare på ei god eilinjersspire enn på f.eks ei firelinjers med ymse informasjon. Om nokon hadde kome med forslag om at vi skulle ha som målsetjing å, i det minste lage ei spire for kvar artikkel på bokmålswikipedian, så hadde eg stemt for. Eg kan ikkje sjå at det er noko motsetning mellom ynskjet om fyldige artiklar og stor spireproduksjon. Om det så går fem år før spira byrjar å vekse seg stor, kva så? Er det betre med fem år med søkebom.
Det kan og vere at nokre wikipedantar, som til dømes eg, rett og slett er late og skriv for dårleg til at det er noko særleg stas om dei set i gang med å produsere artiklar. Men om ein og har plass til desse og, så kan det vere at latskapen går over og at evna til å skrive aukar.
Mi meining er at har du ikkje tid, evne eller lyst til å produsere gode artiklar så produser gjerne gode spirer om du har lyst til det.--Asgeir 24. februar 2006 kl. 18:45 (UTC)
Me er ein liten ballong i kunnskapsverda. Dess meire me skriv og veks, jo fleire uskrivne artiklar kjem me borti. Lite å gjera med det. Sjølv er eg ramm til å kopiera inn artiklar på andre språk, som ligg halv-omsette rundt om. Ikje bra, men betre enn ingen ting. Lat oss halde fram på kvart vårt vis. Og lat oss ta alt opp i beste meining. --Ekko 24. februar 2006 kl. 18:56 (UTC)

[endre] Adolf Hitler

Eg er ikkje einig i den siste reverteringa di. Kan du ta ein titt på diskusjonssida der? Helsing Ekko 30. mars 2006 kl. 18:20 (UTC)

Tja, det kan godt henda at me bør fjerna den peikaren, men eg vil gjerne høyra ei litt betre grunngjeving først.
--Verdlanco\ordskifte 30. mars 2006 kl. 18:37 (UTC)

[endre] Merking for skanwiki

Hei! I det siste har me teke til å bytta ut dei to linjene skanwiki -- interwiki med ei enkelt som kjem først -- du kan sjå henne på mal:skanwiki. Denne gjer systemet vårt enklare å forstå for utvendige (evt. utlendige) brukarar, og har i tillegg den fordelen at ho ikkje får robotar til å gå i spinn, slik den tidlegare løysinga gjorde.

Du kan kopiera og lima inn malen sjølv, eller bruka funksjonen {{LIMINN:skanwiki}} som gjer det for deg. -- Ranveig 5. april 2006 kl. 13:33 (UTC)

Takk for påminninga! (Eg hadde heilt gløymt den nye malen.)
--Verdlanco\ordskifte 5. april 2006 kl. 16:13 (UTC)

[endre] Freedom of speech

Wikipedia is not a project to promote freedom of speech. Wikipedia is a project to write an encyclopedia as accurately as possible in as many languages as possible. Our goal is not to make political statements in talk, nor to make discriminatory, anti-semitic etc speeches just to prove that you have freedom of speech. If freedom of speech hinders our goal, it should be limited on the projects. There are millions of fora on the internet where you can practice freedom of speech. Freedom of speech does not include the right to insult and discriminate. Waerth 30. mai 2006 kl. 17:16 (UTC)

THIS WEB:

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - be - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - closed_zh_tw - co - cr - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - haw - he - hi - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - ms - mt - mus - my - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - ru_sib - rw - sa - sc - scn - sco - sd - se - searchcom - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sq - sr - ss - st - su - sv - sw - ta - te - test - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tokipona - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007:

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - be - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - closed_zh_tw - co - cr - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - haw - he - hi - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - ms - mt - mus - my - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - ru_sib - rw - sa - sc - scn - sco - sd - se - searchcom - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sq - sr - ss - st - su - sv - sw - ta - te - test - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tokipona - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia 2006:

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - be - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - closed_zh_tw - co - cr - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - haw - he - hi - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - ms - mt - mus - my - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - ru_sib - rw - sa - sc - scn - sco - sd - se - searchcom - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sq - sr - ss - st - su - sv - sw - ta - te - test - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tokipona - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu