Undervassbåt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undervassbåt eller U-båt, også kavbåt, er eit farty som kan være neddykka og manøvrera under vatn. På grunn av mangelen på luft under vatn, både til mannskapa og til motorane, var det fyrst ved oppfinninga av den kombinerte elektro- og dieselmotoren at dei fyrste røynlege ubåtane kom.
Frå byrjinga til i dag har ubåtane utvikla seg frå å vera eit overflatefartøy som kunne dykka for å unngå fiendar, til å bli eit fartøy som går skjult under vatn frå det går frå kai til det kjem tilbake. Fartøystypen er det eneste krigfartøyet som kan operera skjult bak fiendelinjene over lengre tid, og ubåtar blir derfor ofte brukt før ei konflikt bryt ut. Moderne ubåtar kan vera utrusta med med både torpedoar og missil.
Det norske Sjøforsvaret har ei ega undervassflotilje.
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |