Tommy Skjerven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Skjerven (f. 25. juli 1967) er ein norsk fotballdommar frå Kaupanger i Sogn og Fjordane. Han debuterte som dommar i 1984, og har vore FIFA-dommar sidan 2001. Skjerven representerer Kaupanger Idrettslag. Skjerven var òg hovuddommar i cupfinalen mellom Odd Grenland og Vålerenga i 2002. Til dagleg jobbar han på noreg.no på Hermansverk i Leikanger kommune.