Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogn og Fjordane grensar til Hordaland i sør og Møre og Romsdal i nord. Fylket er særmerkt av store og lange fjordar, til dømes Sognefjorden, den lengste fjorden i Noreg. I tillegg finn ein Jostedalsbreen på heile 487 km² her. Den er den største isbreen på det europeiske fastlandet og er omringa av mindre brear og brearmar.
Fylket, tidlegare Nordre Bergenhus Amt, femner om dei fire gamle fogderia Sunnfjord, Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Som administrativ eining har Sogn og Fjordane fylke eksistert frå 1763, då Bergenhus Amt vart delt. Administrasjonsstad for Sogn og Fjordane fylkeskommune er Leikanger.
[endre] Kommunane
(Innbyggjartal pr. 1. Januar 2006)
[endre] På verdsveven