Skeleton
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeleton (engelsk for skjelett), meir sjeldant kalla toboggan, er ein vintersport der utøvarane prøver å koma ned ei isdekt løype så raskt som mogleg. Dei ligg på ein kjelke med hovudet først (i motsetnad til i aking, der føtene er fremst).
Den høgste farta som er oppnådd i skeleton — omkring 130 km/t — er noko mindre raskt enn i aking. Namnet på idretten kjem truleg av at ein brukar ein nedstrippa kjelke, som opprinneleg berre var ei ramme, omtrent som eit skjelett. Ein annan teori går ut på at «skeleton» er ein engelsk feiluttale av det norske ordet «kjelke».
Skeleton er den eldste akeidretten det blir konkurrert i. Han stammar frå St. Moritz i Sveits, der major Bulpetts bygde Cresta-banen i 1884. Da Vinter-OL vart heldt i St. Moritz i 1928 og 1948, var skeleton ein del av programmet. Idretten vart seinare lagt til OL-programmet frå Vinter-OL 2002.
Dei fleste løpa skjer på kunstige isdekte banar, sjølv om nokre naturlege isbanar, som i St. Moritz, framleis blir bruka.
[endre] Sjå òg
- Aking
- Bobsleigh
[endre] På verdsveven
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |