Rune Djurhuus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rune Djurhuus (fødd 25. januar 1970) er ein norsk sjakkspelar som representerer Akademisk Sjakklubb i Oslo. Han vart norsk juniormeister i 1985, og har siden den gongen tilhøyrt noregseliten. Han vart europameister for juniorar i 1991, framfor blant andre Vladimir Kramnik. Han vart utnemnd til internasjonal stormeister (IGM) i 1996. Rune Djurhuus skriv sjakkspalta i Aftenposten.