Portland i Oregon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portland er ein by i den nordlege delen av den amerikanske delstaten Oregon. Byen hadde 529 121 innbyggjarar i 2000 og er den største i Oregon.
Byen ligg ved Willamette-floden, sør for denne sitt utløp i Columbia-floden.
Byen vart grunnlagt i 1845 og er oppkalla etter byen Portland i Maine. Portland er hovudstaden i Multnomah County.