Passatvind
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Passatvind er eit vindmønster ein finn i tropiske strøk på begge sider av ekvator. Den er ein vedvarande vind som bles frå høgtrykk i subtropiske område til lågtrykksområdet rundt ekvator. Passatvinden bles hovudsakleg frå nordaust på nordlege halvkule og frå søraust på sørlege.
I området mellom 30°N og 30°S strøymer luft mot ekvator nær bakken og mot polane i høgda. Den intense soloppvarminga over ekvator fører til stigande luftrørsler her, som dannar eit lågtrykksområde med roleg vind nær ekvator kalla stillebeltet (doldrums). Den varme lufta stig til den når tropopausen, og strøymer så horisontalt mot polane. Når denne lufta kjem til rundt 30°N og S er lufta blitt så pass avkjølt at den søkk ned mot bakken igjen og dannar det subtropiske høgtrykksområdet. Den synkande lufta her er relativt tørr fordi all fukt har regna ut nær ekvator. Overflatelufta strøymer så frå det subtropiske høgtrykksomrdet mot ekvator, men blir avbøygd vestover på begge halvkuler på grunn av corioliskrafta. Denne luftstraumen blir altså kalla passatvinden. Passatvinden frå nordlege og sørlege halvkule møter kvarandre i stillebeltet.
Ein av dei mest kjende passatvindane er vinden alizé som er ein jamn og mildt nordaustleg vind som bles over det sentrale Afrika og Karibia. Frå november til februar kan denne vinden føre med seg kjølege luftmassar.