Regnskogen i Amazonas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnskogen i Amazonas er verdas største regnskog og ligg i Sør-Amerika. Området er på 5 millionar km² og utgjer over halvparten av regnskogsområde som er att på jorda. Skogen dekkjer område i 9 ulike land (Brasil, Colombia, Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Guyana, Surinam og Fransk Guyana) og har gjeve namn til delstatar eller provinsar i fire av desse landa.
[endre] Amazonasbassenget
Skogen ligg i eit basseng som hovudsakleg vert drenert av Amazonaselva med 1100 sideelver. Bassenget blei danna for 500 til 250 millionar år sida.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
Kategoriar: Geografispirer | Spirer 2006-12 | Sør-Amerika | Brasil | Venezuela | Peru | Colombia